fredag 27. mai 2011

Bokomtale

BAK FASADEN


Kaninbyen er ein roman skriven av Arild Rein som blei utgitt i 2004 av Det Norske Samlaget. Boka er av sjangeren kriminalroman og handlinga utspelar seg frå underverda i Stavanger. Kaninbyen blei nominert i prosjektet “Heile byen les” og gjekk av med ein overlegen siger. Forfattaren Arild Rein er født i Stavanger i 1960. Forfattaren blei kåra til “Stavanger Europeiske kulturbys forfattar 2008” med akkurat denne boka, eit portrett av hans heimby frå 1970-åra og fram til 2004. Boka er skrivi på nynorsk og er den siste boka i Stavanger – trilogien hans.

Boka handlar om politimannen Jonny Roxmann som mista jobben sin etter å ha havna på skråplanet. Han veks opp som einebarn og mista faren i ein alder av 25år.
Mora fann seg fort ein annan mann som var velståande. Jonny arva ein leilegheit og ei kolonihytte i Eiganes kolonihage. Leilegheita leigde han ut, til dei som betalte han best. Dette viste seg seinare å vere ei prostitusjonsverksamd. Da dette blei avsløra, mista han arbeidet og blei dermed utan inntekt. Han bor heile året i kolonihytta si, noe som er ulovleg.
For å tene pengar, kjøper han ei potetvogn som han skal bruke på Gladmatfestivalen. Bacon til potetane må han stele. Han forsikrar vogna og når Gladmaten er over, tipper han den i sjøen og håpar å få utbetalt forsikringspengane.

På ein utestad møter han ei asiatisk jente som heiter Kim. Han får eit godt auge til ho. Dessverre synar det seg at Kim også driv med kriminelle handlingar og har fleire skjulte sider. Ho er eigentleg gift, og driv med menneskesmugling.

Eg synast det var veldig spesielt at akkurat denne boka blei valt ut til å bli lese i 2008.
Ein av grunnane til dette er nok fordi handlinga forgår i Stavanger, noko som med ein gong gjør boka meir interessant. Vi kjenner oss igjen i stader som blir karakterisert, plassar som blir besøkt og ikkje minst kjenner vi oss igjen i Gladmatfestivalen. Noko vi ikkje kjenner oss igjen i derimot, er nok det livet som blir leve under overflata, det skjulte kriminallivet.
Boka handlar også om Stavangerfolka,
som etter Jonnys meiningar er ein gjeng velhaldne, forvirra tullingar. Innbyggarane blir sett på i eit anna perspektiv enn korleis vi kanskje ser dei, noko eg trur er ein del av boka si bodskap og formidling.  Vi må opne augo både for det gode og for det vonde.

Gjennom heile boka er det mykje banning, noko fleire lesare reagerer på. Dette er språkbruk som etter mi meining er forstyrrande.
All banninga er etter mi forståing kanskje ein protest mot alt det religiøse som tidlegare har prega byen. Bannskap er først og fremst ikkje så vanleg i det Stavangerske språk, byen blir jo tross alt sett på som ein bedehus-by.
Vanlegvis synes eg det er greitt med banning i bøker, og legger ikkje spesielt mykje merke til det. I denne boka derimot, tenkjer eg meir på det overdrivne språket enn på å konsentrere meg om sjølve handlinga.  Men med eit anna syn er det kanskje nødvendig for at vi skal kunne forstå kor full Jonny er av aggressivitet og hat, og at han absolutt ikkje er prega av bedehusbyen. Om hatet hans mot Stavanger by er av personlege årsakar, eller bare av aggressivitet er eg ikkje sikker på. 

Eg trur meininga med boka er å vise fram Stavanger frå kjeltringen sin ståstad. Dei fleste trur nok at Stavanger er ein vellykka by, med suksessfulle folk og oljefryd. Kriminelle handlingar som steling, prostitusjonsverksemd, narkotikabruk og menneskehandel førekjem, sjølv om vi kanskje ikkje er like bevisst over det som forfattaren vil vi skal vere.  Det er nettopp dei mørke sidene i Kaninbyen som gjer boka så deprimerande. Noko forfattaren truleg
prøver å få fram, er at Stavanger- folket er altfor oppteken av status og materielle ting. Me vil jo helst bare vise fram olja og velstanden, så det er kanskje bra at dei andre sidene også kjem fram

Kvifor Arild Rein kalla  boka “Kaninbyen” kan ha fleire årsakar.
Han samanliknar først og fremst kolonihagen han bur i med eit kaninhus. Kva eg tenkjar om dette, er at han her viser korleis Stavanger by har denne litle sideverda, som kanskje er litt åtskilt frå resten. Ein annan teori på kvifor namnet blei som det er, er at han titt snakkar om at folk ynglar som kaninar. Det er tydeleg at han er imot all velstand, og med olja vart det ein kraftig vekst av innbyggartalet i byen. Folk har mykje pengar og dei har råd til å ha mange barn. Likevel trur han at folk knuller for at dei kjedar seg. Folk virkar etter hans meining overfladiske og ufølsame i denne byen.

Vi kan også sjå tilbake på Stavangers historikk, og sjå at kaninar også før er blitt omtalt. Byens store forfattar Alexander Kjelland omtaler sine fiendar som kaninar i boka Sankt Hans Fest. Hovudpersonen vår har stort sett bare fiendar i denne byen, så han har kanskje tittelen derifrå.

Det eg syntes er mest positivt med å lese denne boka, er at eg får sjå ein annan kvardag frå min eigen by. Eg har hittil berre hatt positive røynsler for Stavanger, men får igjennom denne boka sjå noko av det negative som finnes i byen. Boka har eigentleg ikkje ei god handling, men me må sjå forskjell på den skjulte handlinga og den fortalde handlinga, og lese boka i to plan. Gjør ein ikkje det, får ein verkeleg ikkje mykje ut av boka. Du blir ikkje dratt med i fortellinga, og får ikkje eit spesielt ønske om at boka varer evig.
Me følgjer kvardagen til Jonny, som ikkje er spesielt interessant, men me får likevel et sterkt inntrykk av korleis ein kriminell kommer seg igjennom dagen. Bodskapen i boka må nok vere det å
slutte å leve med ein uekte fasade, og heller leve livet som det eigentleg er. Temaet er ganske likt bodskapen, og er det å kunne sjå ein by frå forskjellige sider, og slutte å leve med ein falsk fasade.  

Eg ville eigentleg ikkje anbefalt denne boka til nokon, med mindre eg ville vist nokon korleis ein by kan sees på med forskjellige auge. Boka var likevel interessant, og eg er glad eg fikk lese ho.  



Kjelder

Arild Rein.  (2004) Kaninbyen. Det Norske Samlaget